Avgrensing i deltaking i NM senior menn:
I NM senior menn 15 km F individuelt (27. januar) og skiathlon (29. januar) vert det sett
startkrav til 150 FIS-pkt. Her gjeld utøvaren sine offisielle punkt på den FIS-punkt-lista som kjem ca 1. januar 2012 (Liste nr.3 2011-2012).
Løparar som har enkeltresultat i nærleiken av startkrava, kan senda ein søknad til Norges
Skiforbund om å få delta. Søknaden må vera sendt inn innan påmeldingsfristen sitt utløp.
I spesielle tilfelle kan vi ta omsyn til resultat oppnådde ved Statoil Norges Cup Nes Ski 20.
og 21. januar.
Ved andre øvingar i NM senior er det ingen spesielle startkrav.
NB: Juniorløparar deltar ikkje i NM senior individuelle distansar, verken kvinner eller menn.
Det er nokre unntak frå dette: Desse unntaka er lista opp lenger nede.
NM senior: Løparar som vert tekne att med 1 runde:
Etter vedtak på Langrennskomitéen sitt Fagmøte i juni 2010, vil fylgjande praksis verta fylgt i NM
senior:
Ved NM (uansett TV-overføring eller ikkje) bør løparar (og stafettlag) som vert tekne att med 1
runde, verta tekne ut av løpet (i tråd med FIS-regel).
Det er føresett at kvar runde har ei lengde som er tilpassa distansen, f.eks minst 5 km-runde
ved 30 kms distanse, og minst 8,3-10 km ved 50 km.
Juryen må kunna ta sjølvstendige vurderingar på bakgrunn av dette.
Uttak av juniorløparar til andre større senior-renn:
NM senior del 1 Voss
Fri teknikk torsdag 26. januar (10/15 km):
Løparar på juniorlandslaget
Løparar som er blant dei 10 beste i Fri teknikk 19-20 år i Statoil Norges Cup
Lygna fredag 6. januar (fellesstart).
Sprint C fredag 27. januar
Løparar på juniorlandslaget
Løparar som var blant dei 10 beste klasse 19-20 år i sprint) i Statoil Norges Cup Lygna
laurdag 7. januar.
Skiathlon laurdag 28. januar:
Løparar på juniorlandslaget
Alle gutar med mindre enn 125 FIS punkter i 19-20 års klassen
Jenter som er blant dei 10 beste i Statoil Norges Cup klasse 19-20 år i samla poengsum
i renn nr. 1 og 3 , Lygna, dvs 6. og 8. januar (NSF/LK set opp lista over desse)
Landslaga sitt opplegg ved NM senior:
NM senior del 1:
Ved NM senior på Voss vil landslaga i år ikkje ha opplegg med løparar og støtteapparat.


