Det nærmar seg NM på Voss, og heimehåpet Sjur Røthe gler seg til det heile brakar laus. Han har tru på ein skikkeleg folkefest på heimebane.
Tour de Ski er over for denne gong, og sesongens største høgdepunkt nærmar seg for Sjur Røthe – nemleg NM på heimebane. Trass i litt sjukdom etter Tour’en har han forhåpningar om å gjera det godt både på 15 km og på duathlon under meisterskapen. I tillegg skal han gå ein stafettetappe for Voss IL sitt førstelag, og dei har ambisjonar om å forbetra fjorårets 19. plass.
Tour de Ski gjekk ikkje heilt som planlagt for Sjur. – Målet var topp 15 samanlagt, og det er klart at eg ikkje er fornøgd når eg ikkje greidde målsetjinga mi. No går eg for medalje i NM. Eg har vore litt småsjuk den siste veka, men er i gang med trening att. Eg satsar på at god stemning rundt løypa og mange heiarop skal lyfta meg fram, seier han.
Sjur har trena mykje i løypene i Voss- ski og tursenter dei siste åra, og håpar å dra fordel av dette. Løypene er tøffe, noko som skal passa han bra. Det var i “monsterbakken” at Sjur hadde sitt beste resultat under Tour de Ski, så dei mange og tunge bakkane i Herresåsen skremmer ikkje vossingen.


