Kombinert

 

Vossingen Sindre Ure Søtvik hoppa lengst av alle i går med 108,5 meter i treningsomgangen. I sjølve rennet var det Jørgen Graabak som hadde det lengste hoppet. Med 103 meter var han to meter lengre enn andremann, Tommy Schmid frå Sjetne IL.024

Graabak går ut 2 sekund før Schmid, og deretter går det slag i slag. Det er berre knappe 20 sekund mellom dei 5 beste. Fleire av landslagsløparane nådde ikkje heilt opp i gårsdagens hopprenn, og desse er nok revansjesugne i dag. Alt ligg med andre ord til rette for eit spennande langrenn i Herresåsen.

Den som hoppa aller lengst i går var heimehåpet Sindre Ure Søtvik. I treningsomgangen hoppa han bakken ned, og landa på 108,5 meter. Då det ikkje var ein offisiell treningsomgang vert hoppet likevel ikkje registrert som bakkerekord. Sindre klarte ikkje heilt å fylgja opp det gode treningshoppet under sjølve rennet. Med sine 95 meter går han ut som nr. 10 – 56 sekund bak leiaren. Eldar-løparen har vist god langrennsform tidlegare i sesongen, og det vert spennande å sjå kor mykje han klarar å henta inn på teten i dag.

Resultat frå hopprennet, og startliste for langrennet finn du her !

Mykje snø i Bavallen

I motsetning til situasjonen andre stader i landet, har arrangørane av hopprenna under NM eit luksusproblem – det er nesten for mykje snø i hoppbakken.

Snøen har lava ned i Bavallen den siste tida. Ved avsatsane er det no 2 meter snø, og nede på sletta er det litt mindre. Fram til no har bakkemannskap spadd ut 60-70 cm nysnø i tilløpet 3 gonger. Framover til helga og i neste veke er det meldt kaldare og rolegare ver. Dermed skulle forholda ligga til rette både for gode spor og ein godt preparert bakke. bavallen-mykje-snoe

Arrangørane har håp om at dei beste hopparane skal strekka seg heilt ned mot 110 meter. Bakkerekorden er på 105,5 m og vart sett av Tommy Lianes i fjor vinter. Dei norske kombinertutøvarane har vist gode takter så langt i sesongen, og alt tyder på at me får sjå spennande konkurransar og gode prestasjonar også under NM på Voss. 

Det er gratis inngang for alle som ynskjer å få med seg dei kombinerte hopprenna. I det nye arenahuset vil det vera open kafé for tilskodarane.

 

 

Ski NM Voss 27-29.1.  Kombinert – revidert tidsplan

Arrangørane av kombinertrenna under NM 2012 har gleda av å ynskja dykk velkomne til SkiNM  2012 på Voss. Hoppdelen vert arrangert i den nyrehabiliterte Bavallsbakken (HS 103 m og bakkerekord 105,5 m). Langrennsdelen skal gjennomførast i Voss ski- og tursenter som ligg like utanfor Voss sentrum.

 

Program for kombinert:

Torsdag 26.1:

12.00-14.00: Fri hopptrening i Bavallen

14.10: Lagleiarmøte i arenahuset i Bavallen

16.00-18.30: Fri trening på langrennsarenaen

 

Fredag 27.1

14.30: Ein fri treningsomgang

15.15: Prøveomgang

16.00: Offisiell opning ved arenahuset i Bavallen. Voss musikklag spelar.

16.30: Kombinert hopp – Gundersen  - ein omgang

Ca 17.45: Kombinert hopp – lagsprint – ein omgang.

 

Laurdag 28.1

12.15: 10 km Gundersen  -  (4 x 2,5 km) Voss ski og tursenter

 

Sundag 29.1:

10.30: Lagsprint. Voss ski og tursenter- sprintløypa.

 

For løypekart/ profilar sjå : www.skinmvoss.no, utøvar, langrenn. Der finn de også renninvitasjon til NM med informasjon om påmelding og liknande, i tillegg til fullstendig program for NM-veka. For overnatting sjå www.visitvoss.no.

 

 

 

Magne Sørestrand – rennleiar, tlf. 992 07 196.

e-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

bavallen

Ski-NM på Voss er meir enn berre langrenn. I løpet av NM-veka skal landets beste kombinertutøvarar konkurrera både individuelt og i lagkonkurranse. Hopprenna vert arrangert i den “nye” Bavallsbakken, medan langrennsøvingane finn stad i Voss ski- og tursenter.

Det er ikkje fyrste gong Bavallen er arena for NM. Både i 1955, 1964 og i 1967 vart NM i hopp arrangert her, fortel Magne Sørestrand som er rennleiar for kombinertkonkurransane. Sjølv om det er den same bakken utøvarane skal hoppa i under NM 2012 har bakken den siste tida gjennomgått enkelte endringar. - Bakkeprofilen er justert slik at den oppfyller dagens krav. Svevkurven er betra, så no er den slik den skal vera i ein moderne hoppbakke. Hill Size er auka 103,5 meter, mot tidlegare 95 meter, fortel rennleiar Sørestrand.

Før ombygginga var det Lars Bystøl frå Eldar som hadde bakkerekorden på 101 meter. Under Buff-rennet førre vinter hoppa Tommy Lianes frå Stordal 103,5 meter, men då var bakken enno ikkje ferdig utbetra. Sørestrand håpar difor på lengre hopp under NM i januar. - Under gunstige vindforhold skal det vera mogleg å hoppa heilt ned mot 110 meter, seier Sørestrand.

Under NM i 1955 vart det sett publikumsrekord med over 12.000 betalande tilskodarar i Bavallen. Sjølv om det kanskje er litt optimistisk å tru på same oppmøte under kombinertkonkurransane under NM 2012, håpar Sørestrand at mange vossingar tek turen både til Bavallen og til Herresåsen for å heia fram utøvarane. I tillegg til spennande konkurransar vil publikum også få sjå ulike kulturinnslag.

- Kombinert er ein liten sport, men nivået på dei norske utøvarane er svært høgt. Me gler oss til å få besøk av dei beste kombinertutøvarane i landet, og håpar vossingane stiller opp, avsluttar Sørestrand.

footer3