Hopp
Oppland vann spennande lag-NM
Kennet Gangnes vert omringa av jublande lagkameratar etter at NM-gullet er sikra for Oppland. I bakgrunnen kan arenasjef Vevatne konstaera at eit vellukka hopp-NM er over.
Sundag vart det skikkeleg kvalitet, med sju hopp over 100 meter. Anders Jacobsen var for tredje dag på rad suveren i bakken, og hedde dei to lengste hoppa: 106 m i fyrste og 105 m i andre omgang. Med det sikra han seg og Buskerud bronsemedaljane. Oppland leia etter fyrste omgang, men det var relativt jamt blant dei seks beste laga. Oppland viste seg likevel å ha det jamnaste og beste laget og Kenneth Gangnes var god då han som sistemann ut i NM på Voss 2012 sikra sigeren. Med seg på laget hadde han Fredrik Bjerkeengen, Leif Marius Hagemoen og Robert Johansson. Nord-Trønderlag tok sylvmedaljane. Her hoppa Vegard Haukø Sklett, som i andre omgang endeleg fekk det til i Bavallen, og landa på 103 m. Dei tre andre på laget var Johan Martin Brandt, Ole Marius Ingvaldsen og Anders Stjernen. Buskerud hadde som sagt Anders Jacobsensom som ankermann. Dei tre andre på laget var Daniel Andre Tande, Fredrik Aalien og Mats Berggaard. Som venta vart det tøfft for vestlendingane. Sogn og Fjordane enda nest sist sjølv om Anders Fannemæl slo til med 100,5 m i sitt siste hopp denne sesongen. Hordaland, med fire vossingar på laget, enda klart sist.
|
||
|





