Me har den store gleda av å ønskja media velkomne til NM på ski på Voss 24. og 25. mars 2012: NM hopp normalbakke i Bavallen (HS 103 meter) for både damer og menn. Skiforbundet har meldt at heile Noregseliten stiller til start! 

Laurdag 24. er det individuell konkurranse og sundag lag konkurranse.

NM-arrangøren forventar 2000 tilskodarar og lagar til folkefest i bakken.

Nybygd bakke, med bakkerekord 107 m (Jan Schmid - NM kombinert 27.01.12)

Det totale NM-arrangementet på Voss er eit samarbeid mellom desse idrettslaga: Bulken IL, Bjørgum IL, IL Eldar, IL Vargar, Vik IL, Voss IL og IL Ørnar, med støtte frå Granvin IL, Voss Skiskyttarlag og Ulvik IL.

 

Programmet for NM er slik:

Fredag 23.03.

Kl 17.00 Offisiell trening, 3 omgangar.

Laurdag 24.03.

Kl 11.30 Start prøveomgang

Kl 13.15 Offisiell opning

Kl 13.30 Start 1. omgang damer og menn( maks 100 hopparar)

Kl 15.00 Finale damer og menn. 50 beste frå 1.omg i snudd rekkefylgje.

Kl 16.00 Premieutdeling – seremoni på sletta etter rennslutt.

Sundag 25.03.

Kl 11.00 Start prøveomgang laghopp ( kretslag)

Kl 12.00 Start 1. omgang laghopp

Kl 13.00 Finale laghopp.

Kl 14.00 Premieutdeling – seremoni på sletta etter finaleomga

Akkreditering og overnatting for journalistar og fotografar

Akkreditering for journalistar og fotografar må gjerast på Pressesenteret i Bavallstunet ( sjå under). Du køyrer mot alpinanlegget Voss Resort i Bavallen, der også hoppbakken ligg! (Ca 4 km frå Voss sentrum, mot Sogn, opp t.v. rett etter Voss Jordbruksskule.)

VIKTIG: Det kan vera stor trafikk til alpinanlegget/hoppbakken, så ha pressekort klart, slik at du får løyve til å køyra heilt opp.

Overnatting ordnar de greit via www.visitvoss.no

Pressefasilitetar og service på NM-arenaen

Pressesenteret for NM vil vera i Bavallstunet, i gangavstand frå hoppbakken i Bavallen. Der vil vi ha arbeidsplassar for journalistar og fotografar, med tilstrekkeleg breibandkapasitet. ( http://www.vossresort.no/bavallstunet )

Du må parkera på tilvist plass rett nedom hoppbakken – mellom bakken og pressesenteret. Korte avstandar!

I pressesenteret vil vi ha enkel servering av mat, varm og kald drikke.

I enden av sletta, der hopparane kjem ut, vil det vera eit eige område for journalistar – “mixed sone”. Det vert og laga til ein plass oppe i bakken for fotografar. Det vert ikkje arrangert pressekonferanse etter konkurransane.

Vi ber dykk følgja med på vår heimeside www.skinmvoss.no. Der vil vi fortløpande leggja ut informasjon om arrangementet. De kan også ta kontakt med underteikna på e-post Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa , eller på mobil 99150611.

Hjarteleg velkomne til Voss!

Med beste helsing

Geir Arne Aspebakken

Pressesjef

99150611

Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 

footer3