Presserom

Bardal og Wirkola –begge kjem til NM på Voss

Helga 24.og 25. mars arrangerer idrettslaga på Voss og Vik i.l.  NM i normalbakke.

Alle dei beste hopparane kjem til NM – totalt ca 75 herrar og ca 12 damer.

Laurdag er det individuell konkurranse – søndag laghopping med krinslag.

Ekstra kjekt er det å ha World cup vinnar, Anders Bardal til start, og ikkje minst årets nykommar i worldcup-sirkuset, Anders Fannemel frå Hornindal. I tillegg er Rune Velta og Bjørn Einar Romøren påmeldte.

Av jentene er heile landslaget med Anette Sagen, Line Jahr og Maren Lundby med.

Dame-NM har historisk sus – for dette er det aller første NM for damer på Vestlandet.

Bavallen er nyleg ombygd til bakkestorleik 103 m . Kombinertløpar Jan Scmid sette bakkerekord på 107 m under kombinert NM i januar. Under gode forhold kan bakken tola hopp rundt 110m.

Under tidlegare NM i Bavallen 1955, 1964 og 1967 – var det folkefest i Bavallen. Tilskodartala var 8.500 i 55, 12.000 i 64 og 10.000 i 67. 

Arrangørane håpar mange kjem og hyller dei beste norske hopparane, dei fortener folkefest, god stemning og gode minner frå NM 2012. NB – vêrmeldingane er gode!

Voss ski og fjellheisar tilbyr dagskort i alpinanlegget, inklusiv billett til hopprenna. 

Elles rimelege billettar inkludert gratis buss frå sentrum til bakken.

Ein ekstra attraksjon er at NM-vinnaren frå 1967, Bjørn Wirkola, kjem som æresgjest. Han deler og ut premiar på laurdagen.

Heile NM programmet finn de på skinmvoss.no   Sjekk og Mediainvitasjonen.

 

For nærmare opplysningar ta kontakt med

Magne Sørestrand, assisterande rennleiar     Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Mobil 99207196

«Gullet glapp» av Kristian Finborud

 

Kunstnaren Kristian Finborud, opprinneleg frå Porsgrunn, no busett på Voss  har atelieret sitt  på Magasinet på Tvildemoen.

Finborud er m.a.kjend for sine karakteristiske etsningar med humoristiske skimotiv, som mange kan kjenne seg att i. Kunstnaren får fram både den norske folkesjela med sundagstur med familien og kappløpet i konkurransen. Utstillinga inneheld også bilete med naturmotiv og humoristiske situasjonar frå den norske skjærgård

Finborud har i tillegg gitt ut to gåvebøker: «Det norske skieventyret» og «Norske sommerminner» på Skald forlag

 

Utstillinga i Voss kulturhus inneheld 73 bilete og har utvida opningstid under NM. Sjå plakat her !

 

Utstillinga står fram til 24.02.2012

 

Logo kan lastast ned som PNG fil her:  SkiNMVoss_Logo.png

 

 

 

 

Logo kan lastast ned som PNG fil her:  SkiNMVoss_LogoLiggjande.png

Me har den store gleda av å ønskja media velkomne til NM på ski på Voss 24. og 25. mars 2012: NM hopp normalbakke i Bavallen (HS 103 meter) for både damer og menn. Skiforbundet har meldt at heile Noregseliten stiller til start! 

Laurdag 24. er det individuell konkurranse og sundag lag konkurranse.

NM-arrangøren forventar 2000 tilskodarar og lagar til folkefest i bakken.

Nybygd bakke, med bakkerekord 107 m (Jan Schmid - NM kombinert 27.01.12)

Det totale NM-arrangementet på Voss er eit samarbeid mellom desse idrettslaga: Bulken IL, Bjørgum IL, IL Eldar, IL Vargar, Vik IL, Voss IL og IL Ørnar, med støtte frå Granvin IL, Voss Skiskyttarlag og Ulvik IL.

Les meir…

Her er bilete frå folkefesten

 

Her finn du Hopp-bilete

Fleire artiklar…
footer3