Overnatting
|
Voss Turistinformasjon Telefon: 56 51 94 90 E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa Voss Turistinformasjon kan hjelpa deg med å planleggja opphaldet ditt, både før og under reisa, og ligg i Voss kulturhus, vis a vis jernbanestasjonen. Informasjon om overnatting på Voss finn du på www.visitvoss.no/overnatting
Det er no laga ein kapasitetsoversikt (kan lastast ned her!) over overnatting på Voss under Ski NM Voss den 26.-29. januar. Oversikta viser kapasiten til kvar overnattingsbedrift, kva bedrifter som er fullbooka og kven som har laga per dato for siste oppdatering.
Finn du ikkje overnatting? Dersom du ikkje finn overnatting, ber vi om at du rapporterer dette til overnattingsansvarleg i organisasjonskomiteen Anne Grethe Bakke: annegrethe"@"visitvoss.no
Presse: Park Hotel Vossevangen er sponsor og pressehotell. Overnatting her er reservert av NM organisasjonen.
Presse får tilbod om overnatting i samband med akkreditering (sjå presserom). NRK/Skiforbundet Fleischers Hotel er booket til NRK og Skiforbundets eigne representantar (ikkje klubbar og krinsar). Sponsorar: Sponsorar får tilbod om overnatting ved å kontakta Tore Nyborg, 91375005, tore"@"ino.no
Doble rom Kr. 1.650.- pr. døgn inkl. frokost br. Enklerom Kr. 1.125.- pr. døgn inkl. frokost br. Tillegg minisuiter (15 stk.) Kr. 200.- pr.pers.pr. døgn.
Privat overnatting:
I tillegg til overnatting på hotell og hytter i bygda er det muleg å leige private bolighus. Pris for leige av hus avtaler leigetakar og utleigar direkte. Basert på erfaringane i Steinkjer kan ein rekne ein rettleiande pris på kr. 400,- per natt per seng. Dersom de ønskjer å leige privat bolig, kan du setje deg på liste her. |


