Folk i Form til NM
Resultater Folk i form til NMher er resultatene fra «Folk i form til NM»
Det var fantastisk deltagelse med over 6000 deltagere vitner om stort engasjement blant lærere og elever.
|
|
Informasjon til lærarar som skal ha med seg skuleklassar torsdag og/eller fredag. Tryggleik: · Når din skule går av bussen vil de bli tatt i mot av ein elev frå vidaregåande. Han/ho ber på eit skilt med din skule. De går etter han/ho til arenaen og han/ho viser dykk til skulens base. Der plantar han/ho skiltet til skulen og kvar skule vil dermed få sin base. · Når konkurransane er over vil de også bli følgt tilbake til bussen på same måte. Ved avreise må de rekne med litt venting då alle skulane må ned att i eit visst system. Dette styrer elevane frå vidaregåande. Aktivitetar under arrangementet: · Når de er komne til basen dykkar er det mange aktivitetar de kan vera med på. På området er det blant anna ein villmarksleir, klatrepark/leikepark, akebakke med akebrett til utlån, skileikområde med utlån av ski til dei yngste elevane, lavoar med varmeomnar, fleire bålplassar, gapahukar, ansiktsmåling, scene med underhaldning frå skular som har meldt seg på etc. · Dei som ynskjer å låna ski må ha med seg skisko i sekken med NNN bindingsystem. Ingen skal ha med seg ski og stavar på bussane. · I villmarksleiren kan ein få varm drikke, men då må du ha med deg eigen kopp. · Ved scenen på skuleområdet vil det vera to speakerar som gir elevar og lærarar informasjon undervegs både angåande løpet og underhaldninga på scenen og ev. anna. Utstyr som de treng: · Godt humør og klare for å laga ein skikkeleg skifest! Dette er påbode J · Gode klede, varm og kald drikke, mat (kan eventuelt ha med grillpølser). · Litt fyrstehjelpsutstyr som t.d. plaster. På arenaen vil det sjølvsagt vera helsepersonell tilgjengeleg. · Flagg og eventuelt plakatar – valfritt · Eventuelt lommepengar – valfritt. Det er kioskar og kaféar fleire stadar på arenaen. Vel møtt til folkefest i Voss ski- og tursenter! NM-arrangørane ynskjer å bruka meisterskapen til å motivera til fysisk aktivitet, og har difor sett i gang aksjonen “Folk i Form til NM”. Aksjonen rettar seg særskilt mot skuleklassar, og alle skular i Hordaland er inviterte til å delta. Interessa for aksjonen har vore over all forventning, og per i dag er 256 skular og over 8000 elevar påmeldt.
Gratis sesongkort Alle 4. klassingar som deltek i konkurransen får tilbod om gratis sesongkort hjå Voss Resort. I tillegg er det planlagt ein skidag der alle påmeldte 4. klassar får tilbod om å delta. Her vil Voss Resort i samarbeid med NM-komiteen bidra med instruktørar og lån av utstyr – både for langrenn og alpint.
Song og dans |
Her finn du oppdatert resultatliste for Folk i form aktiviateten, Kva skule er sprekast i Hordaland.
440 klassar kjempar om å bli sprekast i Hordaland. Måndag 28.11 er første rapportering. Då skal elevane sin aktivitet summerast og leggjast inn på http://kundesenter.bt.no/kampanjer/sprek/folk_i_form/ For at jobben skal vera enklast muleg for læraren, rår vi til at elevane sjølve overfører sin aktivitet til klassekalenderen. Slik registrerer du poeng: Registreringa skal gjerast kvar måndag. Gå til http://kundesenter.bt.no/kampanjer/sprek/folk_i_form/
Resultatlista vil bli lagt ut på www.bt.no/sprek mot slutten av neste veke.
Generell informasjon: Vil du sjå kva klassar som er påmelde, kan du lesa informasjonsbrevet til lærarane m.m
Gå til denne linken: http://www.skinmvoss.no/folk-i-form-til-nm.html
Om du har spørsmål til konkurransen eller registreringa, ringjer du NM telefonen 468 38 422 eller send oss ein mail på Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Mvh Ski NM Voss |



