Jørgen Graabak frå Byåsen leia konkurransen etter hopprennet, og kom først over mål i langrennskonkurransen. Sindre Ure Søtvik frå Eldar IL havna på 15. plass.
Graabak leverte eit solid hopprenn i går, og suksessen heldt fram i langrennsløypene i dag. Han vann knappe 20 sekund føre tittelforsvarar Mikko Kokslien. Bronsen gjekk til veteranen Magnus Moan.
Heimepublikummet hadde møtt opp mannsterke for å heia fram Sindre Ure Søtvik frå Eldar. Han gjekk ut som nr. 10, og havna til slutt på ein 15. plass. Sindre var litt skuffa rett etter løpet, men han skrytte av publikum som heia han fram. Magnus Moan uttala til og med etter løpet at stemninga på Voss var betre enn på dei fleste verdscuprenn.
Kombinertkonkurransane vert avslutta med Team Sprint i Voss ski- og tursenter i morgon kl 10.30.
Resultata frå dagens konkurranse finn du her !


